Grotle

Det vart mange reiser rundt om til Canada, Ukraina og Tyrkia før vi enda i Polen, og det vart bestemt å bygge der. Båten vart ferdig og overlevert i juni 2014 og heiter «Grotle».
Birger og Oddleif kjem til å vere med nokre år til, men kjem nok til og trappe gradvis ned og bidra med erfaringar til Tonny, Runar og Kenneth.

I 2011 var tanken eigentleg å selje båt og kvotar, sidan Birger og Oddleif hadde planar om å trappe ned. Då fikk Tonny med seg Runar og Kenneth Grotle til å drive båt og selskap vidare. Om ein skulle fortsette med selskap og båt, var det nødvendig å satse på ny båt, med muligheit til både å fryse og ise fisken, i tillegg til å ta vare på biprodukt som lever og rogn frå fisken.

Eyvindur

Våren 2003 var det tid for fornying endå ein gang. 70 fot store «Eyvindur» frå Island kom til Grotle. Båten var bygd i Kina 2001, i lag med 8 søsterskip, og vart frakta med båt til Island. Der vart den liggande i ro i 2 års tid, før Havstjerna AS kjøpte den. Den var bygd som trålar til Island, men då den kom til Norge vart den bygd om til garn og line, og påmontert shelterdekk. Sjå film her.

Det vart også denne gongen drive med to båtar i en periode. «Eyvindur» vart døypt «Havstjerna», mens den siste «Havstjerna» vart døypt om til «Legøy» etter kvart. Det vart investert i nye kvotar for og få eit betre driftsgrunnlag. Den 70 fots store Havstjerna har drive garnfiske etter torsk i Troms, Lofoten og Røst i tillegg til seifiske på Møre. Resten av året har det vore linefangst, og båten har farta opp og ned langs heile norskekysten og i periodar i Danmark. Hovudfangsten har vore lange, brosme, hyse, torsk og diverse andre sortar. Havstjerna på FDIR Fartøyregisteret.

Uglem Senior

Hausten 1997 vart neste båt kjøpt og Havstjerna ANS skifta selskapsform til AS. Båten som no vart kjøpt hadde namnet «Uglem Senior» frå Bessaker i Sør-Trøndelag. Båten som er bygd på Herfjord verft var kjøpt frå Ivar Uglem. Også denne gongen vart det drive ei periode med to båtar. «Havstjerna» vart heitande «Havstjerna» mens nye båten «Uglem Senior» vart heitande «Uglem Senior» fram til «Havstjerna» vart seld til Shetland. «Havstjerna» skifta namn til «Ocean Star», mens «Uglem Senior» skifta namn til «Havstjerna».

«Havstjerna» vart frå 1997 fram til 2000 driven med berre garn, til torskefiske i Lofoten/Røst og breiflabb-, lysing- og langefiske vest av Olderveggen og på Møre. I 2000 vart det montert egnemaskin om bord. Då vart det torske- og seifiske med garn, mens resten av året var det fiske med line frå Fedje til Nord-Møre etter lange, brosme, hyse og det som elles beit på kroken.

Brattegg

Like før jul i 1993 tok dei tre eigarane steget vidare og kjøpte den første stålbåten – «Brattegg» frå Isak Stave frå Stadlandet. Brattegg var 45 fot, og bygd på Voldnes verft i Fosnavåg. I ein periode hadde dei to båtar. «Brattegg» vart døypt «Havstjerna», mens malosjarken fekk namnet «Havstjerna Junior». Junioren vart etterkvart selt til Kristiansand. Det vart regelmessige turar til Lofoten og Vestfjorden kvar vinter, i tillegg til torskefiske og breiflabbfiske vest av Olderveggen.

Havstjerna 1 - malosjark

Det starta sommaren 1990, då Birger, Oddleif og Tonny Grotle på friturar frå dei havgåande linebåtane, kjøpte ein 32 fots malosjark, som var bygd i Kristiansund. Båten heitte «Duala» då Havstjerna ANS kjøpte den frå Utsira, av Rasmus Rasmussen. Båten vart døypt «Havstjerna» og i hovudsak brukt til torskefiske i Borgundfjorden og breiflabbfiske vest av Olderveggen på Birger, Oddleif og Tonny Grotle sine friturar frå dei store linebåtane.