Uglem Senior

Hausten 1997 vart neste båt kjøpt og Havstjerna ANS skifta selskapsform til AS. Båten som no vart kjøpt hadde namnet «Uglem Senior» frå Bessaker i Sør-Trøndelag. Båten som er bygd på Herfjord verft var kjøpt frå Ivar Uglem. Også denne gongen vart det drive ei periode med to båtar. «Havstjerna» vart heitande «Havstjerna» mens nye båten «Uglem Senior» vart heitande «Uglem Senior» fram til «Havstjerna» vart seld til Shetland. «Havstjerna» skifta namn til «Ocean Star», mens «Uglem Senior» skifta namn til «Havstjerna».

«Havstjerna» vart frå 1997 fram til 2000 driven med berre garn, til torskefiske i Lofoten/Røst og breiflabb-, lysing- og langefiske vest av Olderveggen og på Møre. I 2000 vart det montert egnemaskin om bord. Då vart det torske- og seifiske med garn, mens resten av året var det fiske med line frå Fedje til Nord-Møre etter lange, brosme, hyse og det som elles beit på kroken.