Havstjerna Eigedom – Iglandsvik Næringspark

– lager og kontor til leige

Havstjerna Eigedom overtok det tradisjonsrike bygget Bremanger Fryseri i 2016. Deler av bygget har vore utleigd som lagerplass. Hausten 2017 starta vi arbeidet med prosjektere eit kontorlokale på Iglandsvik. Bremanger Fryseri skifta namn til Iglandsvik Næringspark.

I løpet av våren 2018 startet byggearbeidet med kontor og næringsparken. Det vart en travel og hektisk sommer og høst. Men 29 November 2018 stod alt klart til opning. Og det vart veldig mykje besøk på opningsdagen. Det var rett og slett en stor dag for Bremanger bygda. Vi har laga ei egen nettsiden for Iglandsvik Næringspark der en kan gå inn og booke møterom, informasjon om dei som er leigetakerer. Og etterkvart skal en kunne også booke plass for bubiler/campingvogner/båter. Sjå www.iglandsvik.no  for meir informasjon. Håper dette kan skape liv og røre i bygda.!

Kontordelen vil innehalde:

  • 10 møblerte kontor
  • Møterom med videokonferansesystem (kan leigast)
  • Kantine med kjøkkenfasilitetar
  • Toalett og garderobe
  • Heis / løfteinnretning

Med Iglandsvik Næringspark vil vi samla fleire bedrifter i Bremanger under same tak. Her kan små og store bedrifter nyte godt av kontorfellesskap og samhandling med ulike miljø – på tvers av fagområde.

Har du eit snikkerfirma, ein fiskebåt eller eit anna firma som treng lagerplass, kontorplass eller kaiplass?

Ikkje nøl med å ta kontakt pr e-post: eigedom@havstjerna.no
eller via ein av oss på kontaktsida vår.

Frå fryseri til næringspark

Kort om bakgrunnen til Iglandsvik Næringspark:

  • Byggeår ca 1957, og påbygt i 1981
  • Ny hall bygd rundt 1990
  • Drifta av fryseriet avvikla i 2006
  • Bygget har hatt namnet Bremanger Fryseri heilt frå starten, men har hatt ulike eigarar.
  • Mai 2016 – Havstjerna Eigedom overtar bygget.
  • Mars 2018 – namnet endra til Iglandsvik Næringspark