• M/S Grotle

    Garnfiske
    Linefiske
    Fryseri om bord

Garn og linefiske

Havstjerna AS er i drift med nye båten «M/S Grotle». Det blir fiska med garn og line, line mesteparten av året. Båten vart overlevert i  juni 2014, og gjekk på første turen 6 juli.

Havstjerna har sterk fokus på å levere kvalitetsprodukt til forbrukarane, og at mannskapet skal ha gode forhold om bord. Om bord i «Grotle» frys vi fisken på havet, i tillegg til å ise den fersk. Line- og krokfanga fisk er miljøvennleg og gir best kvalitet på fisken. Fisket foregår langs heile norskekysten frå Danmark i sør til Finmark i nord. Vi har dobbelt mannskap slik at vi kan drive 1:1 ordning, med faste periodar om bord og faste friperiodar.

Følg M/S Grotle på Marine Traffic

Les om Havstjerna AS sin nye båt MS Grotle i Fiskerimagasinet side 16 og 17

Ønskjer du å jobbe hos oss? Ikkje nøl med å ta kontakt!