Brattegg

Første stålbåten 1993

Like før jul i 1993 tok dei tre eigarane steget vidare og kjøpte den første stålbåten – «Brattegg» frå Isak Stave frå Stadlandet. Brattegg var 45 fot, og bygd på Voldnes verft i Fosnavåg. I ein periode hadde dei to båtar. «Brattegg» vart døypt «Havstjerna», mens malosjarken fekk namnet «Havstjerna Junior». Junioren vart etterkvart selt til Kristiansand. Det vart regelmessige turar til Lofoten og Vestfjorden kvar vinter, i tillegg til torskefiske og breiflabbfiske vest av Olderveggen.